torsdag 29. mai 2014

Bygge engelske setningar med post-it-lappar!

Eg underviser i engelsk i lita gruppe. Nokre gonger er det kjedelig- direkte BORING, mens andre gonger er energi og smil like rundt hjørnet. 
Gule post-it-lappar med setningsdelar/ord frå ulike ordklassar viste seg å skape engasjement. 
Det å lage setningar ved å flytte på lappar og prøve seg fram gir læring, og er mindre skummelt enn å skrive orda. 

Her er to ivrige elevar, som dessutan fann ut at post-it- lappar kan bli til "sigarettar". Og sånn går no dagane på Obus😀







søndag 16. mars 2014

Om å bake det daglege brød

Det er søndag og eg tenkte det ville passe med ei lita preik. I dag skal ho handle om brød. 
Eg er glad i brød. Enkel konklusjon. Eg var fem år første gong eg fekk prøve å lage ein deig, takka vere mor mi, husmora, som fekk litt ekstra pedagogisk innsikt eller berre skjønte at Lillian ikkje kom til å gi seg... Eg fekk såpass frie tøyler at resultatet av forsøket ikkje vart etandes og måtte gis til fuglane...
Å bake brød er eit handverk. Ein bør bruke hendene. Det er noko autentisk med handlinga. Noko stabilt og truverdig. Ein kan(trur eg) stole på folk som bakar sitt eige brød. 
Å bake brød tar tid og det skal det. Omgrepet "slow food" innbefattar brød som matsort(og tapas, mellom anna). Ein kan gjere andre gode ting medan ein ventar på at brøda steiker eller etterhevar. Lese i ei bok... Eg har liggende ei bok om Karl Jung. Ei flott bok med øvingar som ein kan bruke for å oppdage seg sjølv, for kanskje å kunne bli eit litt betre menneske(ein treng jo ikkje vente med det til sitt neste liv!). Eller ein kan skrive litt i bloggen sin, om ein har ein...
Eventuelt kan ein tenkje, også ein god ting. Eller sjå ut og sjå at det snør!- etter ein hittil snølaus vinter... 
Ein kan og drøyme om så mangt; Sommaren. Sykkelturar. Fjell-liv. Venskap. Samtalar. Kjærleik. 
Men tilbake til hovudtema! Eg baker brød i dag. Eg har sett to deigar etter eiga utspekulert oppskrift med sammalt spelt, økologisk kveitemjøl, havregryn og halv gjærmengde. Eg krydrar gjerne med muskat og ingefær... Hildegard von Bingen(1098-1179) ville likt det. Slike krydder skulle vere bra for konsentrasjon og prestasjonsevne, hevda ho. 
Då er eg klar for å bake ut dei neste fire brøda, og skal gi meg her før nokon trur at eg har starta matblogg :-) 

Amen. 


lørdag 15. mars 2014

Mitt nynorske skip er lasta med...(vitnesbyrd om 9B sin fantastiske fantasi)


Om Snusmumrikken, våren og litt til

"Det er en kveld for sang, tenkte Snusmumrikken. En ny vise som skal ha en del forventning i seg og to deler vårmelankoli og resten bare grenseløs begeistring over å vandre og være alene og trives med seg selv. Melodien hadde han hatt under hatten i mange dager, men ikke riktig hatt mot til å ta fram ennå.Den måtte få lov til å vokse seg sterk og bli så glad og trygg at alle toner hoppet inn på sin rette plass bare han rørte ved munnspillet."(utdrag fra fortellinga "Vårvisen", Tove Jansson). Eg veit ikkje kva som er årsaka til at eg elskar våren, men eg trur det er den nye, duggfriske starten, det jublande bruset frå fossen, blomer og kvitrande fuglar og dei skinnande blikka du møter hos menneske som har byrja å drøyme om sommar og laksefiske og fjellturar og campingvogn på slep gjennom Sverige. Eller kva dei no drøymer om. Det skin i allefall eit aldri så lite leirbål av forventning i auga deira, i augo som kanskje hadde gardinene trekt for i vinter, under januardepresjonen. Det er mogleg at eg er barnslig(heilt fint, eg bryr meg lite om kva andre meiner), men Snusmumrikken er eit forbilde for meg. Eg ville gjerne vandre slik som han.